Otterskred Fjordhytter 1 og 2, 90m2, max 7 pers. pr.hytte.
>> Se rominndelingen på våre hytter

På vestsida av Arnafjorden i Vik i Sogn ligg desse fjordhyttene med høg standard.Hyttene er bygt i 1995, ligg heilt i sjøkanten og er utan vegsamband.
Dette er eit ferieparadis, fin utsikt,roleg og i pakt med naturen er
nøkkelord. Gode fiskemuligheiter, tilrettelagt sløyeplass og grill.

Passar godt for to fam. som reiser i lag, men kvar hytte er separat
og med god lydisolering.
Stor terrasse med bord og stolar. Frå her kan de nyte panoramautsikt
over fjord og fjell.Velutstyrt kjøkken med kjøleskap og frys,komfyr og kaffitraktar. Baderom og gang er flislagt med varmekablar.
Vaskemaskin, støvsuger, vedovn og elektrisk ovn.
Tv m/parabol (astra). 2 soverom m/dobbeltseng og 1 rom med 3 enkle senger.
17 fot båt m/15hk motor til kvar hytte er inkl. i pris. Parkeringsplass og flytebrygge på andre sida av fjorden, avstand 1,2 km. Ved ankomst og avreise vert gjester henta og bringa av utleigar. 

Nærbutikk i Framfjord 6km, Vik sentrum 14 km

- Tysk
- Engelsk
Norsk
- Bilder
- Kontakt oss

- Kart
------------------------
Evy & Inge Otterskred
Otterskred
6893 Vik i Sogn
Tlf. 0047 57696116
Faks 0047 57696726

booking@otterskred.net
Informasjon:
Inge og Evy Otterskred,
Tlf.   +47 57 69 61 16
faks. +47 57 69 67 26
E-post: booking@otterskred.net